
I det siste har eg lese ein del bøker, der eg har fått lærdom om shamanisme og naturfolk sin måte å tenkje på. Så eg hadde brukt helga godt, lese og kosa meg, gått tur i naturen, og følte med knytt til alt rundt meg, frå den minste stein på vegen til måsa på himmelen .....
På ein av turane mine såg eg ein sofa som låg og duva i havet og slo mot steinane. Knall raud, puter som mangla, men like fullt, ein sofa, kasta i havet av nokon som ikkje såg seg bruk i den lenger.
Medan eg stod der og betrakta dette, lett surrealistiske synet der i havkanten, var det som Moder Jord sjølv slo av ein liten prat i mitt indre.
Orda som stod fram så klart for meg, var at her såg eg korleis mange mennesker tenkjer, kast frå oss det vi ikkje vil ha, og overlat til andre og rydde opp. Ei skremande likesele.
Vårt eigarskap til våre handlingar er svakt. Det vi gjer, treng vi ikkje ta ansvar for.....
Når eg gjer noko, så vil andre også bli berørt, enten det er ei direkte handling eller ein tanke. Moder Jord ba meg tenkje etter kor fråværande denne visdomen er hos mange.
Lærer vi borna våre å ta ansvar for det dei tenkjer, seier eller gjer, eller spring vi til for å "forsvare" avkommet vårt eller oss sjølve?
Klarer eg å lære son min at Moder Jord er av hengig av at vi speler på lag, at vi viser ho respekt og tar vårt ansvar for at alt blir harmoni og likevekt?
Moder Jord ville lære meg noko. Ho ville bevissgjere meg og vise meg noko som mange har gløymt, eller faktisk aldri har lært.
Eg takker for visdomen og påminninga eg fekk.
Du må være medlem av Ildsjelens Nettsamfunn for å kunne legge til kommentarer!
Bli med i dette sosiale nettverket